Autoslalom på Stord, søn 17.06.18

IMG_8961

Endelig! 37 år etter første, og einaste, slalomløp på Stord kom entusiastane frå Bergen til oss og arrangerte autoslalom.

Værgudane var med oss nesten heile dagen. Berre ei kraftig byge mot slutten av siste omgang som jaga heim publikum litt tidleg. Det var ikkje det heilt store oppmøtet av lokale deltakarar.

Tilbakemelding har vert at me kan forbedra oss på annonsering (notert).

Løypetraseen er vel som Mongstad, omringa av kontainerar og bygg. Terje hadde laga ei grei løype med enkelte pussige innslag. Ikkje så lett å få god rytme og sandtilslaget var merkbart her og der. Eit større innslag av feilkjøring enn normalt viser at det er lettare å finna løypa på ein gokartbane ja. #Ogantallberøringarsnakkarmeikkjeom.

I debutantklassen merkar me oss fleire bilar og sjåførar med potensiale. Dei lokale kjøreskulane var spesiellt invitert til ledsagarklassen, men dessverre var det berre dei ivrigaste frå Bergen som tok turen. Flott det, kjøretrening er bra.

Alt i alt ein fin dag med autoslalom på Stord som me håpar kan repeterast.

RESULTATER:

– kommer

BILDER:

VIDEO:

-kommer

 

……………..

INVITASJONEN:

Hordaland Motorsport arrangerer for første gang Autoslalom løp på Heiane på Stord, søndag 17. juni 2018, kl. 1200-1600.

Stedet er på SIM Omlasteanlegg i Heiane Næringsrområde, Leirvik på Stord.

Løpet blir et selvstendig løp, utenfor noen av cupene.

Ferdighetsløp med registrerte bilar.
Vert arrangert etter Bilsportforbundet sine reglar.
https://bilsportboka.no/kapittel/autoslalom/

Depot opnar kl 10:00
Påmelding og teknisk kontroll før 11:15
Førarmøte kl 11:45

  • Klasse 1: Standardbilar,
  • Klasse 2: Modifisert og sportsbilar,
  • Klasse 3: Nybyrjar,
  • Klasse 5: 16-18 år med ledsagar.

Startkontingent: 300,-

NBF lisensar er gyldige, eingongslisens kan løysast (150,-)

Publikum gratis adgang.

Naf Ungdom Bergen har open kiosk.

Nøyaktig adresse for løpet er Meatjønnsvegen 45, 5412 Stord.

Velkommen!